MA ORTIZ

Eg er 43 år, gift og mamma til fem. Eg er bosatt i kjerna av sunnmørsalpane, Ørsta, og er ute i naturen så ofte eg kan.

Eg oppdaga friheita ved å være i fjella da eg flytta frå Oslo til heimbygda mi etter skilsmisse med tre barn i bagasjen. Det å springe til fjells vart ein måte å hente krefter på slik eg kunne være ei god mor i ein hektisk kvardag.

Til dagleg jobbar eg som fotograf og har eige studio der eg portretterer born og voksne. Eg har også jobba med ulike kunstprosjekt som bl.a «Tyll på Tind». Dette er ein serie av sjølvportrett der eg brukte fjella som terapi etter å måtte oppleve ei heller tøff skilsmisse. Kvart portrett står eg på ein tinde der eg bruker fjella i heimbygda mi som lerret.

I serien er det fokus på vakker natur, livsglede, vennskap og meistring. Eg er ute heile året, og trivast i alle sesongar. På vår/sommar spring eg motbakkar, bestiger tindar og går overgangsturar. Det har også blitt litt klartring ute. Det er trailrunning som er den store lidenskapen. På vinterstid trives eg best med randonee på beina, og eg elsker dei litt krevjande skiturane der eg må ha med øks og stegjern.